Utstillingsopning

lau12feb14:00UtstillingsopningIngebrigt Vik & Li Binyuan / Double Vision14:00(GMT+00:00)

Om arr.

Vel møtt til årets fyrste utstillingsopning i Kabuso 12. februar kl. 14!
Utstillinga vert opna av Åsmund Kristiansen, direktør for Hardanger og Voss museum

Utstillinga viser ukjende og kjende delar av samlinga etter Ingebrigt Vik. Skulpturane vert viste i lag med videoverk av ein kinesisk samtidskunstnar, Li Binyuan. I tillegg opnar grafikkutstillinga «Double Vision» i foajeen med grafiske trykk av kunstnarar frå verda rundt.

Ingebrigt Vik & Li Binyuan er ei moglegheit til å sjå mange lite kjente, og lite viste, verk av Vik – både skisser, modellar og teikningar, som han testamenterte til Øystese ungdomslag på slutten av 1920-talet.
Den djupe humanismen og følsame skildringa han er kjend for, vert i denne utstillinga sett i lag med ein ung kunstnar som og er oppteken av mennesket sine livsvilkår.
Li Binyuan lagar korte filmar frå aksjonar og hendingar han skapar, og som er skildra med mykje humor og til dels desperat gjennomføringsvilje.

Double Vision er organisert av International Print Exchange Program (IPEP), India er eit nonprofit initiativ, kor kunstnarar over heile verda som arbeider med grafikk delar arbeidet sitt med kvarandre. IPEP aukar nettverket blant grafikarar og skapar medvit om originalgrafikk som ein kunstform blant sjåarane. Judith Elisabeth de Haan er biletkunstnar som i hovudsak jobbar med grafikk, bur i Kvam og jobbar i kunstnarhuset Messen i Ålvik. Ho deltek med eit trykk i Double Vision.

Utstillingane står i Kabuso til 14. april