april 2021

fre09apr21:00AVLYST: Signe Førre kvartett - Etnojazz21:00

Om arr.

Arrangementet er diverre avlyst grunna smittevernrestriksjonar. Sjå øvrig program for alternative arrangement
__________________________
Signe Førre – kontrabass, vokal 
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarar
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Kåre Opheim – trommer, perkusjon
Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre vart tildelt midlar frå Det norske komponistfond til å skrive eit tingingsverk kalla Etnojazz til Finnesloftet på Voss i 2019.
Musikken her er ei reise gjennom ulike kulturar og tidsperiodar der ho tek oss med i hennar univers der folkemusikk og jazz vert smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement på musikk frå ulike kulturar, der ho syng på alle orginalspråka!
Dette inneber serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk m.m. 
I Kabuso får du denne fredagskvelden høyra ei videreutvikling av verket. I tillegg til Jo Asgeir Lie og Kåre Opheim, er Torbjørn Økland med på trompet og ulike strengeinstrument som bouzouki og gitarar.
 
Om musikarane: 

Signe Førre debuterte som bandleiar allereie som 19 åring under Vossa Jazz 2014 samman med Elisabeth Lid Trøen på saksofon, Eivind Austad på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Ho har også spelt konsertar med fleire kjende namn som Andy Sheppard, Marius Neset, Laura Jurd, Zoe Rahman, Dag Arnesen m.fl. Signe Førre har i tillegg sin eigen jazztrio med Erlend Slettevoll på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Som komponist har Signe Førre skrive mykje variert musikk og hennar fyrste song nytta Andy Sheppard på turné med World Expression Band.

 

Torbjørn Økland er kanskje mest kjend som gitarist i Haugesunds-gruppa Vamp frå 1991 til 2014. Dei har vunnet fleire Spellemannspriser, blant anna Årets Spellemann i 2006. Saman med Paul Hansen og Carl Øyvind Apeland, begge tidlegare Vamp- medlemmar, starta han i 2015 bandet Blest som gav ut sitt sjølvtitulerte debutalbum i 2017. Økland har vore benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar, blant anna Helene Bøksle, Grethe Svensen, Hanne Krogh, Elin Furubotn, Anne Grethe Preus, Anita Skorgan, Rein Alexander, Mikis Theodorakis, Arja Sajonma, Lillebjørn Nilsen, Bjørn Eidsvåg, Di Derre m.fl.

Jo Asgeir Lie er rektor ved Ole Bull akademiet. Han er fast medlem av gruppa Kvarts, som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. For tida samarbeidar Kvarts med Jonas Fjell. Lie har ellers samarbeida med ei lang rekkje musikarar og ensembler som blant anna Ole Paus, Henning Kvitnes, Ragnhild Hemsing, KORK, Trondheim Solistene, Stein Torleif Bjella m.fl. Han har sjølv skrive musikk for ei rekkje ensembler og prosjekt og har i tillegg ein duo saman med Carl Petter Opsahl.

 

Kåre Opheim er fast medlem av gruppa Hildo og Real Ones som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. Han har deltatt på ei rekkje album og spelar fast med kjende namn som Karl Seglem og Sigrid Moldestad. Kåre Opheim er ein allsidig musikar som spelar musikk i frå mange ulike sjangrar, og har blitt benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar som Marit Larsen, Odd Nordstoga, Ole Paus, Herborg Kråkevik, Berit Opheim, Stein Urheim, Mike Gallaher m.fl. 
Signe Førre Kvartett fekk strålande kritikk av Avisa Hordaland etter debutkonserten: ei musikalsk nyting og ei magisk oppleving, meinte avisa.  
Bli med på ei musikalsk reise!

Tid

(Fredag) 21:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X