Qvam/Plassen

lau10mai17:0018:00Qvam/PlassenKONSERT I LAGMANNSSTOVA

Om arr.

Velkomen til ein flott konsert i Lagmannsstova!

Qvam/Plassen er ein duo som utgjer Synnøve Brøndbo Plassen frå Folldal, og Bendik Smedåsgjelten Qvam fra Fåset. Dei er unge, anerkjende folkemusikere med bakgrunn fra både tradisjonsmusikk og andre sjangre.

Plassen er folkesanger, men spelar og strenginstrument som gitar og lyre. Qvam er multiinstrumentalist, og spelar både bukkehorn, trompet, fløyter, gitar og andre instrumenter. Han er og instrumentmaker.

Med djupe røter i tradisjonsmusikken frå Nord-Østerdalen og Trøndelag byr Qvam/Plassen på ein forfriskande blanding av fengende riff, bukkehorn og folkesong. Gjennom meir enn 10 år med samspel har dei utvikla ein unik spelestil med bukkehorn, lyre, gitar, seljefløyte og nyanserik vokal, og saman skapar dei eit lydbilde som er både nært og kraftfullt.

Dei har begge gjeve ut album på eige hand, men har no gått saman i denne spanande duoen, som slepper si debutplate «Stråk» i mai 2025 – og i vår skal dei turnere under ordninga VestaFolk – Førdefestivalen si turnéordning for folkemusikk i Vestland.

Me er glade for å få dei til Agatunet, og ynskjer dykk hjarteleg velkomne til ei flott konsert i Lagmannsstova!

Turneen med Qvam/Plassen er realisert med støtte frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

 BILLETTAR (200/180, born 100) TIL SAL I DØRA / KAFEEN. BEGRENSA TAL PLASSAR. 

Vestafolk logo. Raud sirkel med kvit og svart tekst. Vesta folk - folkemusikk på turné med førdefestivalen

Tid

10. mai 2025 17:00 - 18:00(GMT+00:00)

Stad

Agatunet

5776 NÃ¥

Andre arrangement