Opning av fruktsti
sun08mai15:00Opning av fruktstiSesongopning
Om arr.
Velkomne til opning av den nye fruktstien i museumstunet på Utne sundag 8. mai kl.15.00 Fruktdyrking har vore ei sentral brikke i historia til Hardangerregionen sidan mellomalderen. Hardanger folkemuseum arbeider difor
Om arr.
Velkomne til opning av den nye fruktstien i museumstunet på Utne sundag 8. mai kl.15.00
Fruktdyrking har vore ei sentral brikke i historia til Hardangerregionen sidan mellomalderen. Hardanger folkemuseum arbeider difor med å samla og ta vare på historia om frukta og fruktdyrkinga. I museumstunet har me planta ut historiske eplesortar. Informasjonsskilt som fortel om dei ulike sortane er no på plass, og besøkande kan vandra gjennom tunet, gjennom frukthagen, og gjennom frukthistoria til Hardanger.
Me ynskjer alle velkomen til museumstunet til ei fruktbar stund! Det vert offisiell opning av fruktstien og servering av noko leskande dråpar til dei frammøtte.
Etter opning er alle hjartleg velkomne vidare til kafe med lunsjrettar og heimebakst, og seinare konsert med Sigrid Mollestad i Storsalen kl.16.30. Billettar til konserten i sal her: https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/sigrid_moldestad_mband
Tid
8. mai 2022 15:00(GMT+00:00)