Ny basisutstilling

ons16jun(jun 16)11:00sun22aug(aug 22)16:00Ny basisutstilling(juni 16) 11:00 - (aug. 22) 16:00(GMT+00:00)

Om arr.

Den nye basisutstillinga på Voss folkemuseum, Utsyn mot Voss, står ferdig til sesongopninga 16. juni og kan opplevast alle dagar kl 11-16 t.o.m. 22. august.

Utstillinga fortel historia om Voss dei siste 500 åra, og er eit resultat av mange års arbeid. Museet har henta fram mange godbitar frå samlingane sine, og har i tillegg lånt inn ei rekkje gjenstandar frå andre.

Utstillinga opnar med ein presentasjon av det gamle bondesamfunnet. På vegen vidare gjennom historia er der to store vendepunkt – opninga av Vossebanen i 1883, og den andre verdskrigen. I utstillinga vil du mellom anna møta mange enkeltpersonar som har prega lokalsamfunnet gjennom desse åra, du vil høyra opptak med mange av dei beste musikarane frå bygda, og du vil sjå filmar frå Ekstremsportveko. Det heile vert presentert på ein ryddig og innbydande måte, og utstillinga er laga av Bergens-firmaet Vill.

Illustrasjon: Skisse til basisutstilling

 

Tid

Juni 16 (Onsdag) 11:00 - Aug. 22 (Sundag) 16:00(GMT+00:00)