BEHALDAREN I MATEN OG KUNSTEN

tys20sep19:00tys21:00BEHALDAREN I MATEN OG KUNSTENSamtalar19:00 - 21:00(GMT+00:00)

Om arr.

Velkomen til ein kveld med samtalar om behaldaren i maten og kunsten – i Kabuso 20. september kl 19!
Arrangementet er ein del av Skifte.Land sitt prosjekt som også vil koma til uttrykk som ei utstilling på huset frå 1. oktober.

Behaldaren har vore og er viktig for alle kulturar og til alle tider:
Posen eller korga som reiskap for sankaren, for bonden for bevaring og frakt av mat.

Men denne kvelden drar me begrepet behaldaren noko lenger:
Ser me litt stort på det kan behaldaren også vera kunsthallen og museet for oppbevaring og framsyning av kunst og kultur. Me får besøk av forskarar frå Oslo Met, som viser oss korleis norske mattradisjonar kan vera ein innovasjonsfaktor og framtidsressurs for berekraftig bruk av mat.

Program
19:00: Skifte.Land om prosjektet, seglasen og behaldaren
19:15: Kabuso-leiar Sissel Lillebostad om behaldaren, forteljinga og Le Guin-tekst
19:30: Sosiolog Annechen Bar Bugge om Behaldaren og berekraft i norsk mathistorie. Frå fattigmenn til rike riddarar – kva og korleis kan me forvalta og fornya matarven vår?
20:00: Forskar Inger Johanne Lyngø – om frysaren og kjøleteknologi, og kva dette har gjort med mattradisjonane våre.
20:30 – 21:00: Spørsmål og samtaler med publikum i salen.

Arr.: Kunstnargruppa Skifte.Land og Kabuso

Gratis inngang