Lansering av boka Attrå
lau21sep17:00lau19:00Lansering av boka AttrÃ¥Boklansering 21.september - Agatunet - kl 17:00Â
Om arr.
Lansering av boka ATTRÃ… – om Lars Korff Lofthus sin kunst Samtale mellom kunstnaren og Tora Døskeland Laurdag 21. september
Om arr.
Lansering av boka ATTRÅ – om Lars Korff Lofthus sin kunst
Samtale mellom kunstnaren og Tora DøskelandÂ
Laurdag 21. september er det Hardanger-lansering av boka i Agatunet. Der møter kunstnaren forfattar, litteraturvitar og formidlar Tora Døskeland, busett i Grimo.
Biletkunstnaren Lars Korff Lofthus frå Lofthus, har den siste tida hausta anerkjenning for sin måte å presentere folkekultur, natur og erotikk. No kjem boka ATTRÅ om hans kunstnarskap.
Boka er ein presentasjon av kunstnarskapen til Lars, med særleg fokus pÃ¥ dei fire siste separatutstillingane hans, blant anna undersøkt av forskar og sosiolog Merete Jonvik, og meir subjektivt av kulturskribent, kritikar og kurator Bjørn Hatterud. Boka gir ogsÃ¥ lesaren innblikk i prosessen bak bileta.Â
Arrangementet er gratis, men meld din ankomst ved å kjøpe gratisbillett i lenka under.
Lars Korff Lofthus sine verk har denne sommaren vore stilt ut i Kristiansand Kunsthall.Â
Lars Korff Lofthus er oppvaksen på Lofthus og utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, avd. Kunstakademiet, Det kongelige Danske Kunstakademi og Nordiska Konstskolan i Kokkola, Finland. Arbeida hans er kjøpt inn av blant anna Nasjonalmuseet, Bergen Kunstmuseum KODE, Oslo kommune, Equinor og Universitetet i Agder. Kunstnaren veksler mellom bustad i Bergen og Hardanger, der han også har arbeidsplass og atelier i det tidlegare fruktlageret på Børve.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Agatunet og Hardanger kunstlag.
Foto maleri:
Interiør (Rambergstova) 2024
Akryl og pigment på lerret 190 x 320 cm
foto: Bent René Synnevåg
Â