Lagmannsstova – 800 år, fortalt med penn, pensel og kamera

lau10mai(mai 10)11:00sun31aug(aug 31)17:00Lagmannsstova – 800 år, fortalt med penn, pensel og kameraUTSTILLING OG BOK

Om arr.

Lagmannsstova – 800 år, fortalt med penn, pensel og kamera.

Lagmannsstova er datert til 1220-1230. I 2025 feirer me at denne unike bygningen er 800 år, med ei utstilling som syner fram denne staselege bygningen på ulikt vis – med penn, pensel og kamera. I tillegg til arbeider av arkitekten Georg Fredrik Fasting og foto av Elisabeth Emmerhoff, vert ein og kjent med Lagmannsstova og bygningens historie gjennom ei bok utgjeve av Stiftelsen Agatunet.

Utstillinga opnar 10. mai 2025 og vert ståaende til 31. august 2025.

Georg Fredrik Fasting (1903-1987) vaks opp i Bergen. Han utdanna seg til arkitekt ved NTH i åra 1924-28. Han starta etter kvart eigen arkitektpraksis i Bergen, og vart seinare fylkesarkitekt i Nord-Trøndelag og Hordaland. Mest kjent er han nok for å ha teikna den ikoniske raude telefonkiosken som var så utbreidd i Noreg.

I løpet av krigsåra utførte arkitekt Fasting eit arbeid som er mindre kjent. Sommaren 1943 fekk han bu i Isaksstova i Agatunet. I arkivet etter han kan ein lese i eit brev frå 1972: «Mitt engasjement i i Agatunet skriver seg fra noen lykkelige sommermåneder under okkupasjonsårene hvor min familie fikk samle krefter til å overvinne den strenge rasjonering.»

Den fyrste sommaren han budde i tunet, teikna han opp Isaksstova, og gav oppmålingsteikningane til Stiftelsen Agatunet. Stiftinga skaffa så midlar, frå mellom anna Riksantikvaren, til å få teikna opp alle husa i det sentrale tunet.

Fasting dokumenterte bygningane i tunet slik han såg dei i 1940-åra. Han laga fasadeteikningar av meir enn 30 hus, snitt- og planteikningar, alle svært detaljerte og fulle av informasjon om dei ulike bygningane. I tillegg teikna han dører, vindauge og andre enkeltelement, også desse ned til den minste detalj. Dei eldste husa han teikna, er frå 1200-talet, dei yngste frå ca. 1900. Han teikna stover, løer, stabbur, skytjer, eldhus, utedo og møkaskutar. Teikningane viser ein svært stor variasjon, her er røykstover og lemstover og hus i ulike bygningsteknikkar, i reisverk, grindverk og laft. Han dokumenterte og alle dei ulike helleleggingsteknikkane i tunet, saman med torvtak og pannetak.

Dette teikningsarkivet er unikt, truleg det einaste i sitt slag som gir ein så grundig dokumentasjon av eit komplett freda klyngjetun. I tillegg til alle teikningane i svart/kvitt, måla Fasting ei rekkje akvarellar av utvalde bygningsmiljø i tunet. Oppmålingsteikningar i målestokk 1:50, samt detaljteikningar, er teikna med blekk og penn på kartong. Omkring 100 blad med detaljert dokumentasjon over husa vart resultat av dette arbeidet. Teikningane vert nytta den dag i dag og har vore eit særs godt hjelpemiddel i arbeidet med restaureringa av bygningane i tunet.

I utstillinga synar me eit utval av teikningar og akvarellar av Lagmannsstova. Oppmålingsteikningar i målestokk 1:50, samt detaljteikningar, er teikna med blekk og penn på kartong.

Stiftelsen Agatunet står bak ei ny utgjeving om Lagmannsstova, med tittel Storstovo På Aga. Lagmannsstova. Boka fortel om Lagmannsstova, lagmannen, lovverk, levde liv, vedlikehald, og om bruken i dag. Kunstgruppa i Agatunet har vore representerte i redaksjonen for utgjevinga. Redaktør Kåre Grønsnes seier: «Boka er skriven for å hegna om soga til Storstova, Lagmannsstova, gjennom 800 år, med von om at soga skal vekkja undring og interesse.» Boka vert lansert under opningsarrangementet i Agatunet 10.mai 2025, og vert for sal i museumsbutikken gjennom sesongen. Ho kan òg tingast ved direkte henvending til agatunet@hvm.museum.no.

I høve bokutgjevinga hyra Kunstgruppa fotograf Elisabeth Emmerhoff til å dokumentra detaljar frå Lagmannsstova. Åtte av desse bileta er stilt ut i kaféen. Dei er og til sals i eit avgrensa opplag. Elisabeth Emmerhoff (1980) frå Sunnhordaland er busett på ein fruktgard i Sørfjorden. Ho har ein MA frå Kunsthøgskulen i Bergen, og ein BA i fotografi fra UAL i London. Ho har lang erfaring som fotograf, og gjer spesielt mykje utandørs portrettfotografering.

Tid

10. mai 2025 11:00 - 31. aug. 2025 17:00(GMT+00:00)

Stad

Agatunet

5776 NÃ¥

Andre arrangement