Kurs i holmajomfru- og hjartebringklut

lau10okt(okt 10)09:30sun11(okt 11)16:30Kurs i holmajomfru- og hjartebringklutLær å sy bringklut09:30 - 16:30 (11)(GMT+00:00)

Om arr.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerar jamnleg kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre.

Holmabringkluten, eller holmajomfrubringklut, har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Museet og husflidlaget sett opp to helgekurs i å laga holmabringklut og hjartebringklut no i haust, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Det eine kurset vert laurdag 10. og sundag 11. oktober. Det andre kurset vert laurdag 17. og sundag 18. oktober. Begge kursa vert halde på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.

Påmelding til /474 79 884 innan 2. oktober og 9. oktober

Pris: Kr 2000,- for medlem i Folgefonn/Norges husflidslag, 2500 for ikkje-medlem. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

10 (Laurdag) 09:30 - 11 (Sundag) 16:30(GMT+00:00)