nov. 2020

tors26nov19:00tors21:30Kunstbar: Julepynt og estetikkUformell møteplass

Om arr.

I denne kunstbaren skal me sjå nærare på julepynt og julepyntens estetiske historie. Ta gjerne med deg julepynt du har eit særskilt forhold til, kanskje er det ei spesiell historie bak.

Program:
Hilde-Marie Larsen Klyve (grafisk designar i Kabuso) og Karen Noer Korssjøen (formidlar i Kabuso) samtalar kring julepynt og estetikk før og no.
Det vert ein liten julepynt-verkstad, og endeleg vert det Kahoot(quiz) att.

Arrangementet vil bli gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern. Maks 20 deltakarar.

Bill kr 150,- inkl. ein kopp varm gløgg.

Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein uformell møtestad for deg og meg.

Tid

(Torsdag) 19:00 - 21:30

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar

>>> Kjøp

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X