februar 2020

fre07feb19:30Konsert med Alexander Røynstrand

Foto: Knut Utler

Om arrangementet

Me har gleda av å invitera til konsert med Alexander Aga Røystrand på Hardanger folkemuseum fredag 7.2.20 kl. 19:30.

Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet. På Landskappleiken i sommer gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal. Alexander er solid forankra i den rike folkemusikktradisjonen i Hardanger, og kjent for ei framifrå formidlingsevne. Han  spelar gamle og og nye slåtter.

Kafé med sal av forfriskningar.

NB! Merk at ferjo no går frå Kinsarvik klokka 18:25 på fredager, og attende frå Utne 22:05.

Velkomne!

Billettar kr. 200/180.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Foto: Knut Utler

Tid

(Fredag) 19:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X