Knut Hamre og Nils-Erik Kvamme
sun24okt16:30Knut Hamre og Nils-Erik KvammeSpel slåtten min Olav
Om arr.
Konsert pÃ¥ Hardanger folkemuseum, sundag 24. oktober kl 16.30 «Spel slÃ¥tten min, Olav» – eit portrett av spelemannen Olav HÃ¥stabø med Knut Hamre og Nils-Erik Kvamme. Ã…ret er 1899. Olav HÃ¥stabø ventar
Om arr.
Konsert på Hardanger folkemuseum, sundag 24. oktober kl 16.30
«Spel slåtten min, Olav» – eit portrett av spelemannen Olav Håstabø med Knut Hamre og Nils-Erik Kvamme.
Året er 1899. Olav Håstabø ventar på at kona Guro skal kome tilbake etter eit ærend i Folkedal. Olav veit det går mot slutten av livet. Kva har han gjort? Kva vil stå att etter han? Nye retningar innan folkemusikken har fanga ungdommen – han kjenner seg gløymd. Dette er fundamentale spørsmål han stadig undrar over der han står på Brakahaugjen på Hamre og let tankane svive tilbake til hendingar og menneske han møtte i sitt liv som spelemann.
Me veit i dag at slåttane etter han levde vidare, og sjølv 120 år seinare står dei som pillarar blant unge spelemenn over heile landet. Olav Håstabø (1826-1899) frå Løfloten i Hardanger har vorte ståande som ein av dei største spelemennene i regionen gjennom alle tider. Ingen er betre rusta til å formidle den verdifulle musikalske arven etter Håstabø enn meisterspelemann Knut Hamre.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
24. okt. 2021 16:30(GMT+00:00)