Maritimt i Norheimsund
Folkemusikk og -dans
Bygdemuseum i Øystese
Kunst, konsert og kafé i Øystese
Tett på historia i Sørfjorden
Bygdemuseum i Vikøy
Bunad, byggeskikk og hardingfele på Utne
Bygdetun på Lofthus
Ulike samlingar og bygg frå 1700-talet
Folkekunst og eventyrlege tun på Voss
hardangerogvossmuseum.no
Living maritime museum in Norheimsund
Folk music and folk dance
Folk museum in Øystese
Art, events and café in Øystese
Unique farm cluster at Aga
Old vicarage in Vikøy
National treasures at Utne
A glimpse of history at Lofthus
A voyage of discovery in Granvin
Folk art and authentic farm cluster at Voss
hardangerogvossmuseum.no
mån09marHeile dagenfre13Kalkbrenning 2020Me brenn kalkstein i sjølvbygd omn
No er det klart for ei ny kalkbrenning i Agatunet! I 2018 bygga me eigen kalkomn i Agatunet, henta kalkstein frå Varaldsøy, brann, leska og kalka dei nedre murane
No er det klart for ei ny kalkbrenning i Agatunet!
I 2018 bygga me eigen kalkomn i Agatunet, henta kalkstein frå Varaldsøy, brann, leska og kalka dei nedre murane på Lagmannsstova. Dette spanande og unike prosjektet vart gjennomført med hjelp fra murarer frå Nidar Domkirkes restaureringsarbeider (NDR), og Chris Pennock frå NDR kjem attende til Agatunet for å leie arbeidet i år og.
Mandag 9. mars etter lunsjtid tek me til med å leggja stein i omnen, og fyrar opp kring klokka 23 på kvelden.
Dei neste dagane vert det brenning heile døgeret, medan eit vaktlag dag og natt syter for at ikkje omnen faller i temperatur.
Kalkstein må haldast over 800 grader i tre døger, så omnen må haldast under konstant oppsikt.
Me avsluttar torsdag kveld. Avsluttinga vert markert med føredrag av murarane Tore Granmo og Chris Pennock klokka 19 og 21, og ope kafé med sal av forfriskningar (sjå eige arrangement).
Fredag føremiddag vert steinen spadd i tønner, såframt den er tilstrekkeleg avkjølt.
Alle interesserte er velkomne innom!
For å gi de beste opplevelsene bruker vi teknologier som informasjonskapsler for å lagre og/eller få tilgang til enhetsinformasjon. Å samtykke til disse teknologiene vil tillate oss å behandle data som nettleseratferd eller unike ID-er på dette nettstedet. Å ikke samtykke eller trekke tilbake samtykke kan ha negativ innvirkning på visse funksjoner.