nov. 2018

lau03novHeile dagensun10febIngrid PasmansHardanger Herbarium(Heile dagen)

Om arr.

Ingrid Pasmans er biletkunstnar og bur og arbeider i Amsterdam. I august og september 2018 hadde Pasmans opphald som kunstnar på KHMessen i Ålvik. Naturen i Hardanger blei veldig inspirerande for henne. Pasmans laga i perioden eit Hardanger Herbarium; plantar, blad, blomar og tang funne i Hardanger, tørka mellom arka i eit gamalt norsk leksikon. Ho brukte plantar frå Hardanger til kunstverka; to 2,5 meter høge akvarellar av viltvaksande plantar og ein installasjon av fliser av porselen. Hardanger Herbarium er å sjå i foajeen.

Ingrid Pasmans sitt arbeid er sett saman av teikningar, akvarellar og porselen, i tillegg til prosjekt for det offentlege rom. Opplevinga av natur og historie er ei viktig inspirasjonskjelde. Verka ber preg av ei viss skjørheit, og materiala som vert brukt er ofte arbeidskrevjande. I tillegg til å arbeide i sitt eige atelier, underviser ho på Rijksmuseum og Hermitage Museum Amsterdam, og ho arbeider med sosiale kunstprosjekt.

Tid

Nov. 3 (Laurdag) - Feb. 10 (Sundag)

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X