oktober 2019

12okt(okt 12)09:3013(okt 13)16:30Helgekurs: Holmabringklut og hjartebringklutLær å sy holmabringklut

Les meir

Om arrangementet

I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre.

Holmabringkluten, eller holmajomfrubringklut, har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Museet og husflidlaget sett opp to helgekurs i å laga holmabringklut og hjartebringklut no i haust, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Det eine kurset vert laurdag 12. og sundag 13. oktober. Det andre kurset vert laurdag 2. og sundag 3. november. Begge kursa vert på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.

Påmelding til /474 79 884 innan 1. oktober og 22. oktober

Pris: Kr 2000,- for medlemer i Folgefonn/Norges husflidslag, 2500 for ikkjemedlemar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

12 (Laurdag) 09:30 - 13 (Sundag) 16:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt for info om det som skjer ved våre besøksstadar!

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about our museums, exhibitions, activities and more

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X