GAMALTNYMALT

tys11mai19:00GAMALTNYMALT- rått og ekte, på fem-strengs hardingfeler19:00(GMT+00:00)

Om arr.

Grunna smittevernrestriksjonar har konserten med Moldestad/Høgemo/Mjølsnes fått ny dato:
Konserten er no planlagt for tysdag 11. mai kl 19. 

Om billettar: 
– Kjøpte billettar for 10. april gjeld på den nye datoen
– Ynskjer du refusjon for kjøpte billettar ta kontakt på post@kabuso.no
Sjå Kabuso på ticketco.no for billettar til 11. mai

******

Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår – og du kan oppleva dei i Kabuso laurdag 11. mai kl 19!

Trioen som hadde sin oppvekst  på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i Bergen, og som fora seg på whiskymarinert pipetobakk og napoleonskake i pausane,  er tilbake med nye tonar. Like intense, mørke og rå som den gong dei fekk Spellemannsprisen for si første (og til no, einaste) plate.

Dei er alle veletablerte musikarar:
Håkon Høgemo er ein av våre fremste hardingfeleutøvarar. Kjend for mange frå gruppa Utla med Karl Seglem og elles som soloutøvar og viktig læremeister for mange.
Sigrid Moldestad er kjend for både sine soloplater, sitt band og frå teaterscena, medan Einar Mjølsnes er tidlegare fylkesmusikar i Hordaland og har spelt på tallause plater og prosjekt i si karriere.
Saman danna dei ein trio med 5-strengs hardingfeler, inspirert av den gamle hardingfeletrioen Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad som starta sitt samspel tidleg på 1930-talet.

Oppdatering 5. mai: Einar Mjølsnes har diverre måtte trekka seg frå turnéen. Heldigvis har trioen funne fram til ein særs god vikar; Marin Stallemo Bakke vil ivareta det unike GamanltNymalt-repertoaret på beste vis.

Marin Stallemo Bakke (f. 1994) er frå Kristiansand, men bur for tida i Sogndal der ho underviser hardingfele i kulturskulen. Ho er tidlegare elev av Håkon Høgemo og tek repertoaret til GamaltNymalt på strak arm.
Marin starta å spela fiolin då ho var fem år ved Kristiansand kulturskole. Som niåring byrja ho å spele hardingfele i Kristiansand spel- og dansarlag. Gjennom åra har ho vore elev i ulike talentutviklingsprogram ved Universitetet i Agder, Norges musikkhøgskole og Barratt Due musikkinstitutt, og enda til slutt opp som student ved Norges musikkhøgskole (NMH), der ho tok både bachelor- og mastergrad med klassisk fiolin som hovudinstrument, og hardingfele som valfag. 3. året og ut studiet på NMH hadde ho timar med Håkon Høgemo.
Marin har ved fleire høve vore hardingfelesolist med både Kristiansand symfoniorkester, Orkester Norden og Oslo Filharmonien.

Billettar på nett

>>> Kjøp

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut