Føredrag om Landslova og Bleiediplomet

sun26mai14:00sun15:00Føredrag om Landslova og BleiediplometJørn Øyrehagen Sunde

Om arr.

Bleiediplomet

26. mai 1293 var det ført sak og inngått forlik i Lagmannsstova, hjå lagmann Sigurd Brynjulvsson.  Bleiediplomet er det nedteikna forliket i tvisten mellom bønder på Indre og Ytre Bleie om mellom anna gjerdehald, beiterett og fordeling av legd.

Loven det vart dømt etter i saka var Landslova av 1274, Noregs fyrste riksdekkande lovbok, som vart gjeve berre 19 år tidlegare. Herren til Aga, riddaren Sigurd Brynjulvsson, var ein av kring 16 lagmenn i Noreg på denne tida.

I 2024 er det 750 år sidan me fekk Landslova – ei oppsiktsvekkande lovbok som skulle stå seg i meir enn 400 år. Dette markerast med ei rekkje arrangement over heile landet.

Landslova av 1274 var ei av berre fire riksdekkjande lovbøker som vart gjevne i europeisk mellomalder. Det gjer den til eit storverk i seg sjølv. Men Landslova var den fyrste av desse lovbøkene som vart brukt i praksis. Det gjer den ikkje berre til eit dokument som viser ein politisk ambisjon, men som faktisk viser retten i samfunnet etter 1274. Bleiediplomet er det fyrste fullstendige dokumentet som er bevart som viser norsk rettspraksis. Gjennom det kan ein sjå korleis fleire av Landslova sine reglar vart brukt i denne konflikten som vart tatt til lagmann Sigrud Brynjulvsson på Aga og løyst der.

Jørn Øyrehagen Sunde

Me er særs glade for å kunne invitere til eit føredrag om Bleiediplomet, og Landslova, med Jørn Øyrehagen Sunde denne dagen, på same plass som saka vart ført 26. mai 1293!

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i norsk rettshistorie ved UiO. I 10 år har han leia det store forsknings- og formidlingsprosjektet Landslovprosjektet 2014-2024. Han har mellom anna nyleg gjeve ut den kritikarroste boka «Kongen, lova og landet» – om kong Magnus Lagabøte og lovboka som vert omtala som eit fundament for norsk rett, politikk og samfunn. Han var og omvisar i Agatunet i sin ungdom!

Øyrehagen Sunde er ein heilt usedvanleg god og engasjerande formidlar, og me kan lova dykk ein spanande, innsiktsfull og lærerik stund i Lagmannsstova denne dagen.

Velkomen til eit føredrag om eit heilt spesielt dokument, dømt etter ein heilt spesiell lov, på ein heilt spesiell stad!

Billettar: 100/90. Tilgjengeleg via Ticketco, så lenke. Eventuelt overskytande billettar vert selde i døra.

Foredraget er ein del av Agatunet sine arrangement i høve Landslovsjubileet. Seinare i år – den 21.6 – opnar me ei utstilling om eigedomstilhøve i Landslova, om odel, jordskifte og frukthagar. Dette er emne som både i mellomalderen og samtida er viktige for vår region. Fleire føredrag vert det og til hausten. Vårt jubileumsprosjekt har fått finansiell støtte av Vestland fylkeskommune, Ullensvang kommune og Sparebanken Vest.

 

 

 

 

 

 

Tid

26. mai 2024 14:00 - 15:00(GMT+00:00)

Billettar på nett

Billettsal

Arr. på Facebook

Sjekk ut!