Foredrag: Krigsseilerne – de vant krigen, men tapte freden

mån26feb19:00mån21:00Foredrag: Krigsseilerne – de vant krigen, men tapte fredenog framsyning av den usensurerte verjsonen av filmen Krigsseilerne – med æren i behold.19:00 - 21:00(GMT+00:00)

Sort-hvitt portrettbilde av Eilert Munch Lund.

Om arr.

Gjer deg klar for ei unik oppleving når filmskapar, forfattar og foredragshaldar Eilert Munch Lund deler historia til krigsseglarane på Hardanger fartøyvernsenter med foredraget Krigsseilerne – de vant krigen, men tapte freden og framsyning av den usensurerte verjsonen av filmen Krigsseilerne – med æren i behold.

Eilert Munch Lund (fødd 1955) har produsert dokumentarfilmserien Vår Maritime Kulturarv, som har blitt sendt på NRK fleire gonger. I meir enn 20 år har han arbeida for å fremja Krigsseglarens sak. Mellom anna med dokumentarfilmen: Krigsseilerne med æren i behold, foredrag, underskriftskampanje, artiklar, føreord i bøker og ope lesarinnlegg i 2012 til regjeringa ved forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen med krav om å beklaga seg overfor Krigsseglarane og deira familiar. Ei orsaking kom 3. august 2013.

Han held no på med ferdigstillinga av sin neste film: Det var hjem vi sjøfolk skulle – om krigsseglaranes familie.

Kaféen er open under arrangementet.

Pris: 100,- kr