Film: Skjønnheten og udyret

sun25feb13:00Film: Skjønnheten og udyretBornas Kabuso13:00(GMT+00:00)

Bilete frå animasjonsfilmen skjønnheten og udyret. Ei vakker jente i kjole dansar med eit monster kledd i herrekle

Om arr.

Film: Skjønnheten og udyret.
84 min. 6 år
Teiknestund etter filmen.

Kan nokon bryte trolldommen? Prinsen er forvandla til eit udyr så skremmande at ingen vågar å møte han. Trolldommen kan berre brytast av at nokon elskar han for den han er. Tilfeldigvis hamnar vakre Belle på slottet, kor lampa Lymiere, klokka Kloksworth og alle dei andre forheksa tinga gjer alt for at romansen skal begynne å spire.

Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2024. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.

>>> LAST NED – PROGRAM VÅREN 2024

Billettar på nett

>>> KJØP