juni 2021

sun06jun12:00FamilieomvisingVestlandsutstillingen 202112:00

Om arr.

Bli med på jakt etter rare og spanande kunstverk saman med kunstnar Marie Skeie. Denne sundagen får barn og vaksne høve til å oppleva kunst saman. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten og tilpassa barnefamiliar, men alle kan delta.

 

Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga turnerer vestlandsfylka og skal visa fram samtidskunst av høg kvalitet.

 

Årets utstilling
Utstillinga viser 31 verk av 16 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Alle verka er unike og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plasserte i ei utstilling saman med andre verk blir meiningar forsterka eller endra. Dette spelar kurator Heidi Bjørgan (f.1970) medvite på i utforminga av utstillinga.

 

Bjørgan jobbar med å iscenesette kunstverka i høve til kvarandre for å skape ei underfundig stemning der venleik og uhygge går hand i hand, og ho trekkjer parallellar mellom filmregissøren David Keith Lynch (f.1946) sitt visuelle filmspråk og sine eigne prosjekt som kurator.

 

Publikum vil møte ei utstilling der både død og elende kan lure under perfekte overflater, samstundes som noko vakkert kan gøyme seg i det som ser forderva og øydelagt ut. Bjørgan inviterer kvar einskild utstillingsgjest til å vere ein aktiv medskapar i dei historier som Vestlandsutstillingen 2021 kan fortelje.

 

Deltakande kunstnararar:
Kristina Aas / Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth, Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke-Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther.

 

Om Marie Skeie:
Marie Skeie arbeider som kunstnar og er busett i Ålvik, men har budd i Japan, Brasil og Scotland. Arbeida til Marie kjem frå ei sosial og politisk samanheng, ofte knytt til migrasjon og grenser. Ho har ein bakgrunn i tekstil og brukar ulike materialer og teknikk i arbeidene sine.

Tid

(Sundag) 12:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X