januar 2020

lau11jan19:00lau20:30DraumkvedetBerit Opheim og Lajla Buer Storli

Om arrangementet

Opplev Draumkvedet i Agatunet!

Visjonsdiktet og mellomalderballaden Draumkvedet er Noregs mest kjente mellomalderballade og vår viktigaste bidrag til den internasjonale visjonsdiktinga. Opphavet og tidfestinga av Draumkvedet let seg ikkje slå fast, men me veit at det har rot i Telemark – og at det er er eit av dei eldste spor etter kristendomen blant vanlege folk me kjennar til.

Diktet handlar om visjonane til Olav Åsteson. Me veit ikkje kven har var, Åstesonen. Han fell i djup svevn jolaften, og vaknar ikkje før trettande dag jol. I svevnen og draumen har Olav Åsteson hatt ei mektig oppleving. Han har vore gjennom ei reise mellom himmel og jord og dødsriket – han har slitt seg over Gjallarbru og fått eit glimt av paradiset, han har har sett ein kamp i ljos og mørke – kampen om syndesjelane. Når han vakner trettandedage, openberingsdagen, rir han straks til kyrkja og fortel om draumane sine.

Draumkvedet er katolsk i innhald, og muligens påverka av den europeiske høgmellomaldersens visjonar, kjende gjennom norrøn omsetjing og kyrkjeleg forkynning. Me reknar likevel Draumkvedet som eit originaltt norsk kunstverk, og som eit høgdepunkt i norsk balladedikting.

Balladen vert framført av Berit Opheim og Lajla Buer Storli. Dette er fyrste gong dei samarbeider, og dei gler seg til å framføre dette store visjonsdiktet, i ein versjon med nesten femti vers. Det er to av vestlandets flottaste kvedere som møtast, og dei skal formidla dette høgdepunktet frå norsk mellomalder i unike mellomalderrom i Hardanger, Kinsarvik kyrkje (10.1.20) og hjå oss i den den gamle Storstova i Agatunet – Lagmannsstova – som i år er 800 år.

Det vert ein rein vokalkonsert, og det vert eit nært møte mellom utøverane, publikum og balladen om Olav Åstesons opplevingar i eit for visjonsdiktet tidsriktig rom.

Dette vert ei vakker og sjelerørande oppleving!

Billetter: 200,-. NB: Begrensa antall plasser. Førehandtinging: post@hvm.museum.no eller 47 47 98 84.

Visjonsdiktet Draumkvedet har inspirert mange kunstnare, mellom anna Gerhard Munthe, som i 1904 illustrerte ei utgjeving. Sundag 12.01.20 opnar ein Munthe-utstilling på Hardanger folkemuseum, der eit eksemplar av verket kan sjåast, saman med mellom anna hans arbeid med mellomalderbygningen Håkonshallen i Bergen. Kurator  for utstillinga og forfattar av eit verk om Munthe, Jan Kokkin, kjem og held føredrag om kunstnaren. Konsertbilletten frå Agatunet gjev deg halv pris på opninga på Utne 12.1.20.

Tid

(Laurdag) 19:00 - 20:30

Stad

Agatunet

5776 Nå

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X