Diktardagen 2020
lau12sep16:0018:30Diktardagen 2020Ă…rets diktar: Hilde Myklebust
Om arr.
NB! Diktardagen haldast vanlegvis i juni, men grunna koronasituasjonen er arrangementet i 2020 flytt til 12.9.20. Ein norsk diktar skal heidrast med ei dikttavle, som leggjast ned i den vakre diktarstien
Om arr.
NB! Diktardagen haldast vanlegvis i juni, men grunna koronasituasjonen er arrangementet i 2020 flytt til 12.9.20.
Ein norsk diktar skal heidrast med ei dikttavle, som leggjast ned i den vakre diktarstien som slynger seg mellom husa i museumstunet.
Hardanger folkemuseum arrangerar denne dagen i lag med Olav H. Haugesenteret. Etter at Olav H. Hauge mottok prisen i 1993, har sentrale norske lyrikarar kvart Ă¥r blitt heidra pĂ¥ Diktarstien ved Hardangerfjorden. Diktartavlen inneheld eit dikt, ein strofe eller eit sitat vald av diktaren sjølve, og vert utforma og hogga av kunstnar Cecilie Broch Knudsen. Diktarstien vart etablert pĂ¥ 85-Ă¥rsdagen til Olav H. Hauge i 1993, og formar no ein lyrisk hellegang i museumstunet. Av tidlegare prisvinnarar finn ein markante poetar som Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Ă˜yvind Rimbereid.
Ă…rets diktar er Hilde Myklebust.
NĂ¥r Myklebust fĂ¥r si diktartavle pĂ¥ Diktarstien pĂ¥ Utne 12. september, gĂ¥r ho inn i rekkja av viktige poetar i vĂ¥r tid.
Hilde Myklebust debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005, og har sidan gitt ut tre diktbøker. Den siste Kvar ein fugl, kom i 2018. Ho har ogsĂ¥ skrive fleire barnebøker i samarbeid med illustratørar. – Myklebust har markert seg gjennom ein utprega lyrisk forfattarskap i stadig utvikling. Vi er med glade for Ă¥ gi Diktartavla 2020 til ein ung og markant poet med ei særeigen poetisk røyst, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Hauge-senteret.
Naturen og menneska
I Hilde Myklebust si diktverd finn ein utprega varleik til omgivnader og naturteikn, og eit sterkt omsyn til bĂ¥de dyr og menneske. Under det heile ligg ei uro og eit medvit om ei kald og hard røynd, i løpet av fĂ¥ skriftteikn og linjer kan hendingar skje og stemningar snu. – Slik viser diktinga til Myklebust ei haldning, ei lytting, og ein respekt for naturen og alt som lever, seier konservator Stein Arnold Hevrøy ved Hauge-senteret.
Les meir om Diktarstien her.
Me startar i tunet med nedlegging av steinen. EtterpĂ¥ skal Stein A. Hevrøy, konservator ved Haugesenteret, halde ei innleiing om Myklebust sin forfattarskap, før det vert konsert.
Artistar er Mari Skeie Ljones (hardingfele) og Camilla Granlien (vokal).
Mari Skeie Ljones er frĂ¥ Jørstadmoen pĂ¥ Lillehammer, og spelar fele og hardingfele med basis i slĂ¥ttemusikken frĂ¥ Gudbrandsdalen og Hardanger. I 2010 tok Mari eksamen i utøvende master pĂ¥ Norges Musikkhøgskole og har sidan det vore frilans musikar med base i Oslo.
Camilla Granlien er folkesongar og artist, busett pĂ¥ Lillehammer. Ho er utdanna master i tradisjonskunst frĂ¥ Høgskolen i Telemark og har fordjupa seg i songtradisjonen frĂ¥ Gudbrandsdalen. FrĂ¥ 1997 har ho jobba ved folkemusikklinja ved Vinstra vidaregĂ¥ande skule og har hatt songelevar ved Norges musikkhøgskole. I dag er ho frilansmusikar og er aktiv bĂ¥de som soloartist og i samarbeid med ulike musikarar og kunstnarar bĂ¥de som songar, lĂ¥tskrivar og forteljar. I 2008 fekk ho Kongepokalen for sitt arbeid med folkesong.
Programstart klokka 16.
Billettar kr. 250/225.- Billettar kan kjøpast her: https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/diktardagen_og_konsert, eller i døra.
Konsertane pĂ¥ Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, med støtte frĂ¥ Norsk kulturrĂ¥d.
Vel møtt til ein flott dag!
(Foto: Ingvil Skeie Ljones)
