Bli med å krota med kritt!

tys01jul10:00tys22(jul 22)14:00Bli med å krota med kritt!Tysdagar i juli

Om arr.

Prøv kroting

Kroting er ein tradisjonell dekorasjonsmåling nytta på veggen i gamle røykstover. Med knust kritt og vatn lagar ein fine, geometriske mønstre.

Fleire tysdagar i juli er vår bygningsvernkonsulent Anne Lise Brask Eriksen oppe i museumstunet og arbeidar med kroting. Mønsteret ho lagar på veggane i Tveismestova er rekonstruerte frå fleire tradisjonelle krotemotiv henta frå røykstover i Hardanger. Bli med, sjå, lær – og få prøva sjølv!

Tidspunkt: tysdagar kl 10 – 14. Datoar: 1. – 22. juli 2025

Desse dagane vil museet sine handverkarar også vera i tunet og halda på med ulikt restaureringsarbeid.

 

Tid

1. juli 2025 10:00 - 22. juli 2025 14:00(GMT+00:00)