september 2020

sun13sep13:00sun17:00KulturminnedagenUsikkert arrangement grunna korona

barn, café

Om arrangementet

NB! Kulturminnedagen har vore planlagt å skulle gå av stabelen 6. september. Ettersom årets konfirmasjoner har vorte flytt frå våren til 6.9.20 flytter me kulturminnedagen til sundag 13.9.
Me veit per i dag ikkje korleis koronarelaterte restriksjoner vil påverke hausten, og om dette arrangementet er mogleg å gjennomføra i det heile, men me håpar!

Her vert det mange kjekke aktivitetar for store og små, som de både kan sjå på og delta i. Meir info om kva aktivitetar kjem.

Det vert familiekonsert med Kari Finne Sognnæs og Ellen Marie Selland Geithung.

Barnekaféen «Det gyldne eple» er og ope. Her styrer borna sjølve butikken med sal av eplemuffins og eplesaft.

Det vert sal av eldhuspizza, eplesaft og kaffi frå eldhuset.

Kuturminnedagane markerast over heile landet i perioden 5-13.9.20. Årets tema er Lære, bruke, bære.

Velkomne!

NB! Museet med utstillingar og butikk er ope frå 13-17. Kaféen er ope frå 13:30-17.

Tid

(Sundag) 13:00 - 17:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X