Det er eit repeterande arrangement

Voss folkemuseum: solokonsert Siri Nordgård

ons24jul(jul 24)12:30mån29(jul 29)14:30Voss folkemuseum: solokonsert Siri NordgårdVekedagar i juli12:30 - 14:30 (29)(GMT+00:00)

Siri Norgård og toradar

Om arr.

Me er særs glade for å ha Siri Norgård tilbake på Mølstertunet i sommar!
Vekedagar i juli vert det minikonsertar på toradar kl 12.30, kl 13.30 og kl 14.30.
Konserten kl 12.30 er særskilt for born.
Under tittelen Spel, song og segn med Siri, er det lagt opp til ei kjekk lita stund med dei minste museumsgjestene våre.
I 2018 gjekk Siri Nordgård frå Vossestrand til topps i juniorklassen i durspel under Landskappleiken.
Den overtydande sigeren viste at ho har ei skinande framtid innan folkemusikken.
I dag er ho elev på Ole Bull akademiet på Voss. Alle konsertane vert gjennomført i samarbeid med hardingfela.no.
Konsertane er inkludert i museumsbilletten og varer kring 20 min.

Tid

24 (Onsdag) 12:30 - 29 (Måndag) 14:30(GMT+00:00)