Vestlands- utstillingen 2022
Om arr.
I perioden 7. mai til 5. juni kan du vitja ei 100-års jubileumsutstilling i Kabuso – bli med å feira Vestlandsutstillingen! Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga
Om arr.
I perioden 7. mai til 5. juni kan du vitja ei 100-års jubileumsutstilling i Kabuso – bli med å feira Vestlandsutstillingen!
Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga turnerer vestlandsfylka og skal visa fram samtidskunst av høg kvalitet. Og i år vert verka laga serskilt for visningsstaden.
Årets utstilling:
Deltakande kunstnararar:
Cecilia Jonsson / Christoffer Eide / Dominique Hurth / Erin Sexton / Henrik Koppen / Icaro Zorbar / Jasmine Børresen / Kari Hjertholm / Kobie Nel / Joel Danielsson & Louise Öhman / Mathijs van Geest / Serina Erfjord / Stacy Brafield / Susanne Steen Christensen / Tora Endestad Bjørkheim
Stadsspesifikt verk for Kabuso ved Petra Dahlström
Kurator: Espen Johansen
Frå utstilingsteksten:
«Vi har jobba mykje med å diskutere kva ei landsdelsutstilling som Vestlandsutstillingen er, og det faktum at den fyller hundre år i 2022. Kva for symbolikk ligg i eit hundreårsjubileum? Slike runde tal vert ofte tolka som ein invitasjon til å oppsummere det som har vore, og komme med spådomar for det som skal kome. I staden for berre å feire Vestlandsutstillingen som institusjon ønskjer vi å snu blikket innover mot sjølve markeringa (og i grunnen alle slike former for markeringar); for kvifor er det eigentleg så viktig å einast om historia, og kva rolle spelar kunsten i slike samanhengar?
Forumet for det offentlege ordskiftet er ikkje lenger på torg eller i rådhus, ikkje nødvendigvis på TV eller i avisene heller, men i aukande grad på nett gjennom uredigerte, lett manipulerte, sosiale medier. Kva betyr det offentlege rom i dag og kva potensial ligg det i kunsten som kommunikasjonsmetode i vårt medialiserte samfunn?
Ordet monument kjem frå det greske ordet mnemosynon og det latinske ordet monere, som betyr «å minnast», «å rådgje» eller «å advare», som impliserer at monument kan hjelpe oss å forstå fortida og føreseie framtida. Historisk sett har kunst blitt brukt til å visualisere all verdas hendingar og prominente individ og slik sementere visse forteljingar. Med monumentet som utgangspunkt reiser utstillinga spørsmål om førestillingane ein har til kunst i det offentlege som bidragsytar til ein slags kollektiv hukommelse. Kanskje er eitkvart monument dømt til å feile dersom ein har slike urealistiske forventningar til kva det skal oppnå. Ved å gje rom til små og personlege historier, trekkje fram kollektive prosessar, eller fremje handverk og materielle utforskingar, ønskjer vi å reflektere over kva for forteljingar vi omgjev oss med og kva inntrykk vi blir påverka av i det daglege, og kor vidt kunsten kan utgjere eit alternativ. Difor freistar ikkje utstillinga korkje å stadfeste eller tydeleggjere definisjonen av eit monument, men snarare å komplisere, utvide eller oppløyse omgrepet. Fordi kunsten trengs ikkje til å formidle ei sanning, men kanskje kan den så tvil om slike forenklingar og i staden minne oss på at det kan vere fleire.»
Historie
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending.
I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemer frå kunstnarorganisasjonane:
Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland. Også Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Kunsthall Stavanger, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.
Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland
Foto Maya Økland
Tid
Mai 7 (Laurdag) 00:00 - Juni 5 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)
Program
okt. 2024
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
Arrangement
For familien
foredrag
Konsert
Kurs
Kurs
Kurs
Omvising
Undervisning
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardanger og Voss museum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Skredhaugen
Storeteigen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Voss folkemuseum
Voss folkemuseum