september 2020

lau05sep(sep 5)00:00sun04okt(okt 4)00:00Vestlandsutstillingen 2020

Om arrangementet

Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise By Olsen teke utgangspunkt i førestillingar om det ‘typisk’ norske i møte med det ‘typisk’ internasjonale innan samtidskunst. Det vestlandske landskap er levande nasjonalromantikk som til eikvar tid er synleg for området sine kunstnarar og dermed uunngåeleg. By Olsen interesserer seg for korleis landskapet formar kunsten den dag i dag. Samstundes lever me i ei tid der det er enkelt å delta i kunstnarlege diskursar utanfor sin lokale eksistens. I kjølvatnet av ein digital revolusjon, som nettopp er fri for mentale og fysiske avgrensingar gjennom tid og rom, spør kuratoren seg om det går an å tenkje nasjonalromantikk på nytt? Til svar har ho valt ut kunstnarar som går i nær dialog med sine omgjevnader – gjennom organiske prosessar, tidkrevjande metodar og handfaste materialar. I Vestlandsutstillingen 2020 vert forventningar om kuratorisk heilskap og geografisk tilhøyrsle forkasta til fordel for spontane, og overraskande analoge, spenningar mellom materialar, verk og publikum.

Deltakande kunstnarar:

Ananda Serné, Catalina Aguilera, Eli Maria Lundgaard, Hans-Marius Pilskog Giske, Inga S. Søreide, Jan Kåre Ruud, Matias Kiil, Marit Silsand, Sofia Heinonen, Sofia Eliasson, Steinar Haga Kristensen, Thor Tao, Tore Winsents, Urd Pedersen, Vilde Salhus Røed

 

Kurator: Elise By Olsen

 

>>> Sjå nettstaden til Vestlandsutstillingen

 

Tid

September 5 (Laurdag) 00:00 - Oktober 4 (Sundag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X