Utstillingsopning og boklansering
ons08jun13:00ons15:00Utstillingsopning og boklansering
Om arr.
Voss husflidslag har i flerie år arbeidd med dokumentasjon av filerte forklebord på Voss. No er dei klare med bok og utstilling. I filering er utgangspunktet eit ope
Om arr.
Filering er brukt fleire stader i landet. I bunadssamanheng finn me teknikken brukt i «konerullen» i Valdres og i kanting av hovudplagg til brurebunadar i Telemark. I desse områda er netta handknytte med diagonale ruter, og ein del av mønsteret vert danna under knytinga. Fileringa i nettet er òg noko annleis enn det som er vanleg i vossatradisjonen no, men me finn slike nett og filering i dei eldste forkleda her i bygda. Dei eldste forkleda i utstillinga er truleg frå rundt 1850.
Me finn kvite forkle med broderte border i fleire bunader i Hordaland. Dei var tidlegare brukte over store delar av fylket, men i dag finn me det mest i Fusa og på Voss. Dei eldste forkleda har nett med diagonale ruter, men frå rundt 1870 kom det maskinknytte nett på marknaden. Desse hadde vassrette ruter, og det er slike nett som vert brukte i dag.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Voss husflidslag og Voss folkemuseum, i samband med at husflidslaget gjev ut boka Filerte forkleborder. Tradisjon og mangfald. Husflidslaget har så langt dokumentert meir enn 40 forkle med filerte border, men dette er ein del av ei pågåande registrering.
Foto: Giske Berland
Tid
8. juni 2022 13:00 - 15:00(GMT+00:00)