Thomas Hestvold

lau09janHeile dagensun14febThomas HestvoldHands-on

Om arr.

Thomas Hestvold (fødd 1957) er ein veletablert målar som lenge har utforska formale problemstillingar i måleriet.
Han har vore oppteken av maleriets dilemma; korleis skapa tredimensjonale rom på eit flatt lerret. Ein kan også ana påverknad av amerikansk abstrakt modernisme i måleria hans.

I dei seinare arbeida hans ser ein avgrensa geometriske rom med tydelege, rette markeringar som vert utfordra av mjuke konturar.

Hestvold har utdanning frå mellom anna School of Visual Arts i New York, Vestlandets Kunstakademi og Kunstakademiet i Trondheim.

Dei siste åra har han hatt ei rekkje separatutstillingar, mellom anna i Kunstnerforbundet, Risør Kunstforening og Galleri Christian Dam. Han har også vore del av gruppeutstillingar som «Periferi og sentrum» på Sørlandets Kunstmuseum og «Konkret» på Lillehammer Kunstmuseum.

Hestvold er innkjøpt av Museet for Samtidskunst, Norsk Kulturråd og Sørlandets Kunstmuseum m.m.

Tid

9. jan. 2010 - 14. feb. 2010 (Heile dagen)(GMT+00:00)