mai 2021

lau22mai(mai 22)00:00fre28okt(okt 28)00:00Opplut og belte(mai 22) 00:00 - (okt. 28) 00:00

Om arr.

Hardanger folkemuseum har rike samlingar av tradisjonelle tekstilar, klede som seinare vart utgangspunkt for hardangerbunaden. I utstillinga «opplut og belte» har me leita fram nesten alt me har av belte, opplutar og sjonaleister. Utstillinga er ei oppfylging av 1000 bringklutar. Ho opnar 22. mai 2021 og skal stå til 28. oktober 2022.
Den tradisjonelle draktsikken i Hardanger har røter tilbake til 1600-talet og renessansen. På den tida utvikla mange områder i Noreg særeigen draktskikk som skilte seg frå korleis folk kledde seg i andre bygder. Draktskikken var prega av stor variasjon innan faste rammer. Me ynskjer å syna fram breidda innan dei ulike plaggtypane, med all den variasjon og kreativitet det var rom for.

Opplut
I deler av Hardanger kallar ein livet til kvinnedrakta for opplut/upplut, altså den delen som er øvst. Andre stader vert dette plagget kalla liv eller vest. Syr ein oppluten fast til stakken får ein det som på fagspråket vert kalla «den eldre livkjolen», eit renessanseplagg der opplut og stakk skulle vera i ulik farge og gjerne i ulik stoffkvalitet. Stakkane var svarte eller blå, og oppluten ofte raud eller andre fargar som sto i kontrast til stakken. Oppluten var kanta med band. I utstillinga synar me gamle, rettskorne opplutar, og synar korleis plagget endra seg gjennom århundra. Her er om lag 100 opplutar i ulike fargar og stoffkvalitetar i klede, damask, kalemank, silke og fløyel.

Belte
Kring livet hadde ein belte. Desse finst i eit mangfald av teknikkar, alt frå krossting til smøyg, ulike vevde belte, og perlebelte som er sydd, tredd eller vevd. Motiva er som oftast geometriske figurar som kross, åttebladroser og rombeformer. Nokre belte har fangband, andre ikkje. I utstillinga har me avgrensa til belte i tekstile teknikkar, så sylvbelta og stølebelta kjem i ein anna utstilling seinare. Sjølv om motiva liknar dei som er nytta på bringklutar var det ikkje vanleg å ha same mønster på bringklut og belte.

Sjonaleister
Kvite sokkar med fargerik kant kring ankelen vart nytta av både kvinner, menn og barn. Desse sokkane er strikka i tvebandstrikk, med svært tynne pinnar.

Tid

Mai 22 (Laurdag) 00:00 - Okt. 28 (Fredag) 00:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X