nov. 2020

sun22nov13:00OmvisingVisuelle nabolag

Om arr.

Bli med på omvising!
Det vert høve til å gå djupare inn i utstillinga Visuelle nabolag saman med ein av Kabuso sine formidlarar 3 sundagar i utstillingsperioden:

  • Sundag 22. november kl. 13
  • Sundag 6. desember kl. 13
  • Sundag 3. januar kl. 13
  • Visuelle nabolag er ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet kor museet ser på si eiga samling med eit skråblikk og syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur. Verk av mellom andre Per Kleiva og Andy Warhol.

    Nasjonalmuseet si samling inneheld vidt ulike disiplinar som skulptur, arkitekturskisser, møblar, video, kunsthandverk, foto, grafisk formgjeving, maleri, tekstil og industridesign.

    Men kva skjer når ein set slike ulike kunstnarlege uttrykk og media opp mot kvarandre i ei og same utstilling?
    Visuelle nabolag utfordrar publikum til å utforska uventa møtepunkt mellom kunst, design og arkitektur som fordrar til nye kunsthistorier. Gjennom ufrivillige likskapstrekk mellom ulike media eller tematiske kontrastar søkjer utstillinga å visa korleis kunsten frå ulike epokar kan spegla museet si historie og samfunnet me lever i i dag.

    Bill: Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten. Gratis for deg som er KabusoVen. Oppmøte i resepsjonen.

Tid

(Sundag) 13:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på sosiale medier!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X