november 2019

15nov19:30NovgorodFolkemusikk

Les meir

Om arrangementet

Fredagskveld med Novgorod!
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar – kjende frå mellom anna Real Ones – på Hardanger folkemuseum fredag 15. november kl 19.30.

Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal)
David Chelsom Vogt (fele, vokal)
Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, vokal)
Jørgen Sandvik (gitar, vokal)

Om Novgorod:
«Det er på tide at noen leverer musikken som dufter av solbelyste tømmervegger og syder av tjern og myrer. Det er på tide at noen gir oss musikken fra lave trebyer ved Østersjøen, fra hodeløse vodkafester med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidens nye lavblokker.
Noen må nå komme med den fyrrige musikken som rant ut fra cabaretlokalet, som fløt opp fra dansebanen ved elven, og valsene, verdens vakreste…
Novgorod vil hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!»

På konsert med Novgorod kan du få høyra originale tolkingar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengtnadsfulle valsar, nordsvensk swing (med kosakktrinn) og lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utal språk.

Novgorod vart danna i 2003 og har m.a. spelt på Festspillene i Bergen, Nattjazz, VossaJazz, Balkanfest, Litteratursymposiet i Odda, Hardingtonar, Kunsthuset Kabuso, Columbi Egg og Riksscenen.

Gabriel Fliflet er vaksen opp til lyden av svensk, finsk og norsk song. Kåra til årets folkemusikar i 2011. Mange kjenner Fliflet frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i dueon Fliflet/Hamre. I denne samanhengen ausar han av kjennskapen sin til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland, sigøynarmusikk m.m.

David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spela saman sidan dei var små. Best kjend er dei frå bandet Real Ones, som starta med irsk og britisk folkemusikk og etterkvart utvikla sin eigen fengande pop-stil med impulsar frå eit utal etniske tradisjonar. Kritikaryndlingar, bylarmprisen 2007, Spellemannsprisen 2013.
Prisløna Kristoffer Chelsom Vogt deltek med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet  i bl.a. verket Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik var sentrale i Fliflet sitt bestillingsverk til Vossajazz 2013 – Valseria.

BILLETTAR SELGJAST I DØRA: KR 250,-


Frå pressa:

”En opplevelse man sent vil glemme… Disse guttene har spilleglede i høysetet.” (Fanaposten)

”Alle lar seg begeistre av denne humørfylte kvartetten” (Bergens Tidende)

«Macho er tilbake. Etter ein time med finske tømmerfløytarsongar og annan djuprøysta, melankolsk musikk vandra vi ut lett øsne. Ikkje visste vi at musikk frå våre austlege naboland kunne vere så macho! Mannenmannen har vore ute i minst tre tiår, men om Novgorod gjer det stort – som dei burde, er han på veg inn igjen.”
(Lesarinnlegg av journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk)

 

Tid

(Fredag) 19:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt for info om det som skjer ved våre besøksstadar!

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about our museums, exhibitions, activities and more

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X