Luftballett over Øystese

lau29mai11:00lau17:00Luftballett over ØysteseFlygeverkstad m/Jon Gjerde11:00 - 17:00(GMT+00:00)

Om arr.

I tillegg til reparasjonsverkstad og utstilling inviterer me til ein dag med opne stover og fyr i bålpanna, laurdag 29. mai.

Denne dagen blir det og fortløpande flygeverkstadar med Jon Gjerde, verdsmeister i akrobatisk hangglider, i tidsrommet 11-17.
Arena ikkje endeleg bestemt, men det blir i nærleiken av Storeteigen.

Berekraft er ein av hanggliderens ibuande eigenskapar.
Korleis kan denne vesle vinga av røyr og duk bera meg på tvers av Sør-Noreg i løpet av 6 timar, berre ved hjelp av termikk og litt medvind?
Korleis inspirerer hanggliding til berekraftig utvikling?

Ta med: Hjelm, gode sko med ankelstøtte og eit ope sinn.
Aldersgrense: Ingen, men du må ha fysikk til å halda oppe ein 10 kg hangglider.
Med atterhald om brukbart ver.

Servering av bålpannesuppe og flatbrød.

Bill: 75,- (vaksen) / 25,- (under 16 år) – inkluderer alle tilbod på Storeteigen denne dagen + servering
Bruk gjerne Vipps #630426

>>> Sjå også øvrig program for Berekraftverkstad i Kabuso

Tid

(Laurdag) 11:00 - 17:00(GMT+00:00)

Sjå hending på Facebook

>>> Sjekk ut