Kurs i å lage Vestlandsårer
fre26apr(apr 26)09:30sun28(apr 28)14:00Kurs i å lage Vestlandsårer
Om arr.
Har du lyst til å lære å lage dine eigne Vestlandsårer? På Hardanger fartøyvernsenter kan du i slutten av april vere med på kurs i åremaking. I
Om arr.
Har du lyst til å lære å lage dine eigne Vestlandsårer?
På Hardanger fartøyvernsenter kan du i slutten av april vere med på kurs i åremaking.
I lag med båtbyggjar Peter Helland-Hansen og lærling Jonathan Højland Høj får du kyndig vegleiing i framgangsmåten frå emneval til ferdige årer.
Gjennom kurset kjem du til å lære meir om:
- Åra sine namn, grunnmål og eigenskapar.
- Materialutvelging og oppmerking.
- Verktøy og sliping.
- Tradisjonelle arbeidsmåtar.
- Roteknikk og testing av dine eigne årar på fjorden.
- Årelapping og smøring.
Deltakaravgift:
Kr 7000,- inklusiv måltid og material. Har du nokon allergiar gjer du beskjed pr e-post og me avtalar med kjøkkenet.
Begrensa tal plassar.
Ved færre enn 4 deltakarar vert kurset avlyst.
Meld deg på ved å trykke på lenka – ekstern lenkje til Ticketco: https://fartoyvern.ticketco.events/no/nb/e/kurs_i_aa_lage_vestlandsaarer
Spørsmål til kurset sender du til
Svanhild Nesbø
Epost: svanhild.nesbo@hvm.museum.no
Telefon: 0047 900 93 008
Frist for påmelding: 5 April
Overnatting:
Det finst fleire ulike alternativ (sjå visitkvam.no) men overnattingsstadane som ligg nærast fartøyvernsenteret er: www.hardangerferiesenter.no, www.oddlandcamping.no, og www.sandvenhotel.no (Thon hotell Sandven gjer alle kursdeltakarar rabattert pris, dersom ein opplyser om det ved bestilling av overnatting.)
Detaljert program vert sendt ut til påmeldte deltakarar. Med atterhald om endringar i programmet.
Tid
26. April 2024 09:30 - 28. April 2024 14:00(GMT+00:00)