mai 2020

fre08mai(mai 8)09:30sun10(mai 10)14:00KURS: Åremaking

Om arrangementet

Hardanger fartøyvernsenter arrangerar kurs i åremaking frå 8-10. mai 2020. På kurset lærer du å lage dine eigne vestlandsårar i furu under rettleiing av båtbyggjarar. Du blir kjent med åra sine namn, grunnmål og eigenskapar. Vidare korleis me vel ut material, merkar opp og tilverkar årane med tradisjonelle verktøy. Me avsluttar kurset med ein rotur på Hardangerfjorden der me får testa ut dei nye årane.

INSTRUKTØRAR: Peter Helland-Hansen, Arne Eriksen
PRIS: 5900,- Inkl. materialar og mat
MÅLGRUPPE: Nybegynnarar/alle, men gjerne noko erfaring med trearbeid
BETALINGS- & PÅMELDINGSFRIST: 15. april 2020

SPØRSMÅL & PÅMELDING
til Line Kirstine Larsen, formidlingsleiar
E-post: line.larsen@hvm.museum.no
Tlf. +47 479 74 363

>>> Sjå kurskatalog her

Tid

8 (Fredag) 09:30 - 10 (Sundag) 14:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X