januar 2020

tors16jan13:29tors13:29Konsert med Alexander Røynstrand

Om arrangementet

Me har gleda av å invitera til konsert med Alexander Aga Røystrand på Hardanger folkemuseum fredag 7.2.20 kl. 19:30.

Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet. På Landskappleiken i sommer gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal. Alexander er solid forankra i den rike folkemusikktradisjonen i Hardanger, og kjent for ei framifrå formidlingsevne. Han spelar gamle og nye slåttar.

Kafé med sal av forfriskningar.

NB! Merk at ferja no går frå Kinsarvik klokka 18:25 på fredagar, og attende frå Utne 22:05.

Velkomne!

Billettar kr. 200/180.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Tid

(Torsdag) 13:29 - 13:29

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X