nov. 2021

sun14nov14:00Kjetil Mulelid Trio14:00

Om arr.

Hald av sundag 14. oktober kl 14 for gode jazzopplevingar og balsam for sjela – ein av våre favoritttrioar kjem tilbake i Kabuso!

Kjetil A. Mulelid – piano
Bjørn Marius Hegge – kontrabass
Andreas Winther – trommer

Kjetil Mulelid Trio slapp debutplata si «Not Nearly Enough to Buy a House» i 2017 på det prestisjetunge norske plateselskapet Rune Grammofon.
Dei har sidan markert seg som nokre av dei fremste jazzmusikarane i Noreg, med aktiv konsertverksemd i større delar av Europa.
Det kritikarroste oppfølgar-albumet «What You Thought Was Home» vart utgjeve på same selskap i 2019. Albumet har gjort seg bemerka på straumetenester og har vorte hylla av media frå heile verda.

Trioen har vore svært positivt omtalt i magasin som The Wire og The New York City Jazz Record – og albumet vart omtalt som «Best of the year» på den britiske radiokanalen Jazz FM.
Dei tre medlemene er utan tvil nokre av dei mest interessante jazzmusikararne her til lands:
Pianist Kjetil Mulelid er kjend frå spananade prosjekt som Kjemilie og tidlegare nemnde Wako, medan trommeslagaren og bassisten er høvesvis nominert til/vinnar av Spellemansprisen gjennom andre prosjekt.

Saman dannar dei klassisk akustisk pianotrio med fokus på Mulelid sine energiske og harmonisk rike komposisjonar med vakre melodiar og komplekse rytmar. Trioen formidlar kjensla av ro og ein utfaldande tekstur og lydverd gjennom musikken sin. Samtidig presterar dei eit tett samspel kor improvisasjon tek musikken vidare til eit knutepunkt mellom dei tre musikarane sine ulike musikalske erfaringar.

 

Tid

(Sundag) 14:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar på nett

>>> KJøp
X