Solokonsert med Svein Laingen Kjerland

ons05jul(jul 5)13:00fre28(jul 28)15:00Solokonsert med Svein Laingen KjerlandMinikonsertar i juli

Om arr.

I heile juli har me solokonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet.

Konsertar:
Onsdag, torsdag og fredag: kl: 13:00, 14:00 og 15:00

Svein Laingen Kjerland kjem frå Granvin, og har utdanninga si frå Rauland. Han er ein dyktig hardingfelespelar, aktiv som solist, i grupper og spelemannslag, som brenn for formidling av folkemusikk og folkekultur. Me er veldig glade for å ha Svein til å spela konsertar i juli!

Svein spelar òg i Agatunet laudagar i juli klokka 13:00, 14:00 og 15:00 og på Skredhaugen på Lofthus kvar sundag i juli – klokka 13:00, 14:00 og 15:00.

Konsertane er arrangert av Hardingfela.no

Tid

5. juli 2023 13:00 - 28. juli 2023 15:00(GMT+00:00)