mars 2020

tors26mar19:00Avlyst: FotokveldSamtale med Jens Hauge

Om arrangementet

Dette arrangementet er avlyst som ein del av smitteverntiltaka mot korona-viruset. 

*****

I vinter har museet vist utstillinga «Utsiktspunkt og gøymestad». Fantastiske foto av leikehytter frå heile Noreg, alle tekne av fotograf Jens Hauge frå Lærdal.
Torsdag 26. mars møter du Hauge i samtale med vår eigen fotograf Kjell Herheim.

Jens Hauge har sidan midten av 1970-åra delteke i ei rad kollektivutstillingar, m.a. fleire gonger på Statens haustutstilling, og stilt ut på Henie Onstad Kunstsenter, Vestlandsutstillinga og Distriktsutstillinga.
Han har hatt separatutstillingar i ei mengd kunstgalleri i Noreg, så vel som i USA og Polen.

I utstillinga «Utsiktspunkt og gøymestad» tek Hauge oss tilbake til ei tid og ein stad som var formande for mange av oss – den kreative utfaldinga kring leikehytter i barndomen.
Korleis vart Hauge inspirert til denne fotoserien? Og korleis jobbar han fram det særprega visuelle utrykket i bileta?

Hyttene i Hauge sine fotografi syner store variasjonar; frå minimalistiske konstruksjonar av enkle greiner, til frodige byggverk med avanserte materialkombinasjonar.
Likevel syner dei stor likskap, som om alle bileta er tekne i eit studio. Kanskje me og klarar å få ut litt teknisk informasjon frå ein fotokunstnar?
Hauge opererar i både den analoge og digitale verda og han har sikkert synspunkt på desse teknikkane.
Dette er høvet til å verte kjend med ein særeigen fotokunstnar og eit unikt prosjekt!

Leikehytteprosjektet resulterte i boka Det norske huset (2009), eit samarbeid med forfattar Frode Grytten.

>>> Sjå fleire Hauge-foto her 

Tid

(Torsdag) 19:00

Stad

Voss folkemuseum

Mølstervegen 143, 5705 Voss

Sjå hending på Facebook

>>> Sjå hending på FB

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

Social Media

Follow us on Facebook and Instagram!

X