april 2020

tors16apr19:00tors21:30FACEBOOK LIVE: Drink & DrawKunstbar19:00 - 21:30

Om arr.

Det populære konseptet er tilbake, men i ei ny form. På grunn av restriksjonar som følge av Korona-pandemien, køyrer me arrangementet som ei live-sending frå Kabuso gjennom Facebook. Du held deg heime.

Kunstnar og Kabuso-vert, Wim van den Toorn er instruktør, og skal lede deg gjennom nokre oppgåver. Han vil òg gi deg nokre tips og triks.

Du treng noko å teikne med og noko å teikne på. Materiala er valfrie. Du skal og finne fram ein gjenstand du er særskilt glad i, eller som har ei spesiell historie. Hugs òg noko godt i glaset før me byrjar.

Sendinga vil føregå inne på dette Facebook-arrangementet for hendinga. Gå inn i diskusjonsfeltet når sendinga skal starta.

Tid

(Torsdag) 19:00 - 21:30

Sjå hending på Facebook

>>> Meld di interesse her
X