Det er eit repeterande arrangement2. des. 2018 12:00
Advent på museet
mån03des12:0016:00Advent på museet
Om arr.
Sundagane i advent ynskjer me spesielt velkomen til små og store born på museet. Nissen på Mølster har rota det til før jol! No har han mista fleire
Om arr.
Sundagane i advent ynskjer me spesielt velkomen til små og store born på museet.
Nissen på Mølster har rota det til før jol! No har han mista fleire av tinga sine rundt om i husa på Mølstertunet. Kan du hjelpa å finna dei? Bli med på jakt i tunet og du vert med i trekning av jolegåver.
Ute på tunet er det god stemning med både joletre og lys – me satsar på at snøen er komen.
Går du bort i hovedbygget er det rigga til ein liten verkstad i 3. etg. I kafèen kan du kjøpa nysteikte kakemenn og gløgg. Kanskje finn du ei jolegåve i butikken?
Gratis inngang for born (u.15) i følgje med vaksne.
Ta med deg borna og få adventsstemning på Voss folkemuseum.
Sundagane kl 12 – 15 i tida frå 30/11 til 21/12.
I år står ei utstilling om eldre verktøybruk i festsalen og difor vert det ei annleis førjolsmarkering. Den tradisjonelle jolverkstaden er tilbake i 2026.
Tid
3. des. 2018 12:00 - 16:00(GMT+00:00)
Program
Dato
