Kulturminnedagen 2025
sun07sep11:3015:30Kulturminnedagen 2025Gratis inngang!
Om arr.
Kulturminnedagen: Sundag 7. september kl 11.30 – 15.30. Gratis inngang for alle!Sundag 7. september kl 11.30 – 15.30 er det ope hus på Hardanger folkemuseum. Denne dagen er det
Om arr.
Kulturminnedagen: Sundag 7. september kl 11.30 – 15.30. Gratis inngang for alle!
Sundag 7. september kl 11.30 – 15.30 er det ope hus på Hardanger folkemuseum. Denne dagen er det mykje som skjer på museet og i museumstunet, og me har lagt opp eit program både for vaksne og born.
Dette kan du vera med på:
- Spikking
- Laga svidekor på tre
- Laga perlearmband
- Pressa eplesaft
- Dansa folkedans
- Laga stearinljos
- Krota med kritt
Program i Storsalen:
Kl 11.30 «Utne – frå livleg klyngetun til fredfullt museumstun» foredrag ved Anne Lise Brask Eriksen om husa i museumstunet
Kl 12 – 14 Ver med å laga svidekor på tre.
Kl 12.15 – 12.45 Folkedans for heile familien, med Vegard Hansen og dansarar frå Voss
Kl 13.15 – 13.45 Folkedans for heile familien, med Vegard Hansen og dansarar frå Voss
Kl 14.00 «Dekor på tre» Agnete Sivertsen fortel om utstillinga.
Få også med deg:
- Bruktmarknad
- Eldhuspizza
- Nysteikte mjølkekaker
- Nylaga drops
- Besøk i kafeen
- Utstillingane Dekor på tre, Bunad, folkedrakt og hardangersaum, og Folkemusikk
- Museumsbutikken
Kulturminnedagen vert arrangert av Hardanger folkemuseum saman med Folgefonn husflidslag, Grimo bygdekvinnelag, Solgull 4H og Hardingfela.no
Tid
7. sept 2025 11:30 - 15:30(GMT+00:00)
Arr. på Facebook
Program
Dato
