Mojna - folkemusikk-konsert
tors19mar19:3021:00Mojna - folkemusikk-konsertNordisk folkemusikk i smakfull og spenstig innpakning
Om arr.
MOJNA Nordisk folkemusikk i smakfull og spenstig innpakning Trioen Mojna har markert seg som kreative tolkarar av nordisk folkemusikk i kombinasjon med nyskriven musikk der kontrapunktiske element og improvisasjon står sentralt. Med
Om arr.
MOJNA
Nordisk folkemusikk i smakfull og spenstig innpakning
Trioen Mojna har markert seg som kreative tolkarar av nordisk folkemusikk i kombinasjon med nyskriven musikk der kontrapunktiske element og improvisasjon står sentralt. Med fingerstyle-gitar, hardingfele og bassklarinett, har dei skapt eit litt uvanleg lydbilde, som har vorte sjølve signaturen deira.
Dei har gjeve ut tre album: Før sola skin’ på tak (2022), Väntenätter (2024), som fekk Folkelarm-nominasjon og karakteren ‘6 av 6’ hos NRK sin platemeldar. Thomas Eriksson, som står for det meste av komponeringa, vart også kåra til Årets Komponist under den svenske Folk- & Världsmusikgalan for musikken på plata. Tredje album, Mareld, kom i oktober 2025.
Thomas Eriksson – gitar
Anna Malmström – bass-klarinett
Tuva Færden – hardingfele
I samarbeid med Føredefestivalen og Vestfolk
Foto: Førdefestivalen
Billettar her: https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/konsert_med_mojna
Tid
19. mars 2026 19:30 - 21:00(GMT+00:00)
Billettar på nett
Arr. på Facebook
Program
Dato
