Kurs: flette soppkorg

ons21aug(aug 21)17:00tors22(aug 22)21:00Kurs: flette soppkorg17:00 - 21:00 (22)(GMT+00:00)

Starten på en flettet sponkorg.

Om arr.

Velkomen til eit kjekt og nyttig kurs over to kveldar. Den fyrste kvelden lagar vi ein soppkorg av høvla spon. Den andre kvelden tar vi korga vår med ut på tur, og har soppkontroll med Bergen sopp- og nyttevekstforeining.

Pris: 1900 NOK


Kjøp billett og meld deg på her:

https://fartoyvern.ticketco.events/no/nb/e/kurs_fletting_av_soppkorg

——-

Program:

Dag 1: Lær å flette ei sponkorg.  

Instruktør: Peter Helland-Hansen. 

Kl.17: Oppmøte og velkomen i Småbåtverkstaden på Hardanger fartøyvernsenter.

Kl.17.15-21: På kurset vert ein kjend med emneval, høvling med sponhøvel, fletteteknikk og det å lage handtak. I løpet av kvelden skal alle få lage seg ein soppkurv i denne teknikken.

 

Dag 2: Soppsanking og vurdering med soppsakkyndig.  

Instruktør: Håvar Gjerde + Bergen SNF 

Kl.17-17.45: Oppmøte i kaféen på Hardanger fartøyvernsenter. Mini-foredrag om sanking av sopp.

Kl. 18-19.45: Sopptur i samla flokk.

Kl. 20-21: Soppkontroll på Hardanger fartøyvernsenter. Soppsakkyndige frå Bergen sopp- og nyttevekstforening har ei gjennomgang av det me har funne.

Soppkontrollen kl. 20-21 er ope for alle som ynskjer delta, utan kurspåmelding.  

 

 

Tid

21 (Onsdag) 17:00 - 22 (Torsdag) 21:00(GMT+00:00)

Billettar på nett

Billettar og påmelding