Ledige stillingar
Her finn du aktuelle stillingsutlysingar i HVM
Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum beståande av:
Hardanger fartøyvernsenter, Kunsthuset Kabuso, Hardanger folkemuseum, Agatunet, Voss folkemuseum, Storeteigen bygdetun, Borgstova og Granvin bygdemuseum.
Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og institusjonane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter. Museet er regionsmuseum for Hardanger-kommunane og Voss herad
Einingsleiar for publikum og formidling ved Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger fartøyvernsenter søkjer ein engasjert og driftig einingsleiar til å leia publikums- og formidlingseininga. Eininga har ei allsidig drift med fokus på å formidla maritim handverkskunnskap og kulturhistorie til eit breitt publikum. Dei har eit variert tilbod, som aktivitetsbasert formidling, utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg og kurs, utleige av båtar og fartøy og kafédrift og servering.
Sommarvikar Agatunet
Drøymer du om å bruka sommaren i eit idyllisk og autentisk klyngetun med ei spanande historie?
Sommavikar på Hardanger folkemuseum
Interesserer du deg for folkedrakter, byggeskikk eller folkemusikk?
Sommartilsett ved Hardanger fartøyvernsenter
Vil du arbeida hjå oss i sommar?