Om oss

Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid.
Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med på å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, regionalt og internasjonalt.

Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der alle er velkomne til å studera, oppleva og finna utfordringar.
Museet yt fagleg hjelp i museums- og kulturminnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen.

Vårt samfunnsansvar

Våre verdiar

Truverdig

Formidling, forvalting, rådgjeving, restaurering osv. er basert på kunnskap.

Raus

Me deler kunnskapen med kvarandre i organisasjonen og eksternt med omverda.

Engasjert

Me er engasjert i faga våre, i arbeidsplassen og i lokalsamfunnet. Me vil få til noko som betyr noko for oss sjølve og for andre. Me utfordrar etablerte sanningar og er nyskapande.

HVM i tal (2022):

 

 

Besøkstal

Samla besøkPer 19.12.19Per 19.12.20Per 19.12.21Per 19.12.22Per 19.12.23Endring frå 2022Endring frå 2022
Hardanger fartøyvernsenter20 1836 8557 32317 20818 8601 65210 %
Hardanger folkemuseum7 7423 2004 3276 9007 9681 06815 %
Agatunet5 2163 9907 4916 9836 111-872-12 %
Skredhaugen1 5513 4901 6671 203928-275-23 %
Kabuso8 5255 3236 56310 22010 4282082 %
Hardanger Skyspace461445309497427-70-14 %
Ingebrigt Vik museum1 2938281 0641 3231 385625 %
Voss folkemuseum11 1894 9727 30812 32810 851-1 477-12 %
Kvam bygdemuseum Storeteigen2 8856471 327678604-74-11 %
Totalt HVM59 04929 75237 37957 34057 5622220,4 %