Nyhende frå Hardanger fartøyvernsenter

2. februar inviterer Hardanger fartøyvernsenter til ein uforgløymeleg kveld med mjuke tonar og god mat. Den anerkjente duoen Djønne&Børsheim vil denne kvelden framføra låtar frå deira nye album «Skyer av perlemor,» med tekstar skrivne av Ruth Lillegraven. Dette vert ei unik konsertoppleving som ein ikkje må gå glipp av. I tillegg vil vårt eige kjøken servera heimelaga fiskesuppe. Fiskesuppa vert også å finna på menyen vår kvar torsdag i høgsesongen frå mai til september.

Me på Hardanger fartøyvernsenter har som mål å vera eit levande og engasjerande museum og kompetansesenter gjennom heile året. Mellom anna skipar me til større og mindre kurs, og mange av dei har vore suksessar. I fjor arrangerte me fleire fagkurs som var fullteikna, og før jul inviterte me til «Lag deg ein dørkrans-kveld,» som vart møtt med entusiasme og resulterte i to fullbooka kveldar.

Hardanger Fartøyvernsenter ønskjer å tilby varierte og spannande arrangement for heile familien gjennom året. Av det som er planlagt kan me nemna at:

22. februar opnar me dørene i sjøhuskafeen då Eliert Munch Lund kjem og fortel levande om Noregs krigsheltar på sjøen.  12. September kjem Bråd Gram Økland frå Bergen sjøfartsmuseum og held foredrag om skeive sjøfolk.  Me kjem også til å skipa til fleire og varierte faglege kurs i dei ulike verkstadane våre, i året som kjem både med segling, smiding og trearbeid.

Me har ope heile året og alle er hjarteleg velkomne til å oppleva eit variert spenn både når det gjeld aktivitet og kunnskap både for barn og vaksne. Kaféen er open 10.00-14.00 tysdag til torsdag i lågsesongen, og 10.00-17.00 måndag til sundag i høgsesongen.