Nasjonale sentre for fartøyvern får EUs kulturminnepris/ Europa Nostra Award for 2023

EU-kommisjonen og Europa Nostra kunngjorde 13. juni kl. 12:00 vinnarane av Dei europeiske kulturminneprisane / Europa Nostra Awards for 2023.

Årets pris i kategorien «Utdanning, trening og ferdigheiter» går til dei Nasjonale sentra for fartøyvern: Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter, Hardanger fartøyvernsenter og Nordnorsk fartøyvernsenter. Dette er Europas gjævaste pris innan kulturminnefeltet og totalt 30 kulturminneprosjekt frå 21 land tek i mot årets pris. Prisvinnarane blei plukka ut av ein Jury, satt saman av europeiske ekspertar innan kulturminnebevaring.

Dei Nasjonale sentra for fartøyvern er dei einaste i Noreg, uavhengig av kategori, som tar i mot prisen dette året. Sentra får prisen for innsatsen med å ta vare på dei mange faga og ferdigheitene knytt til å føre tilbake og setje i stand historiske fartøy og for si heilskaplege og omfattande tilnærming til kunnskap som set eksempel for andre land i Europa.

Prisen ein stor anerkjenning av jobben dei nasjonale sentra har gjort med å byggja opp eit nasjonalt kompetansemiljø innan fartøyvern og vern av kystkulturminner dei siste 25-åra. Seier Åsmund Kristiansen, leiar Fartøyvernsentrenes Fellesråd.

Prisutdelingen finn sted under Den europeiske kulturminnepris-seremonien 28. september i Palazzo del Cinema i Venezia.

Om sentra:

Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter, utanfor Kristiansand, tek vare på tradisjonelle kunnskapar knytt til istandsetting av jern- og stålfartøy og dampkjelar, som klinking og andre teknikkar. Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund, restaurerer trebåtar og har kompetanse innan tauverk, rigging, smiing og klinkbygde båtar. Nordnorsk Fartøyvernsenter i Gratangen, Troms og Finnmark, restaurerer fartøy bygd av tre og samiske fartøy, og har betydeleg kunnskap knytt til motorar og eldre elektronisk utstyr.

Juryens grunngjeving:

  • Noregs tre nasjonale fartøyvernsentre for bevaring av historiske fartøy bevarer ikkje berre kulturminne, men genererer òg økonomiske verdiar i lokalsamfunna. Initiativet si profesjonelle preg er openbart, da arbeid som blir utført er av høg kvalitet og organisasjonane opprettheld ein god dokumentert gjennomføring av prosjekta og nyter stor nasjonal støtte frå norske myndigheiter. Den langsiktige påverkinga frå dei tre sentra er prisverdig og blir støtta av overtydande data som viser handfaste resultat av deira arbeid. Dette initiativet markerer seg for si omfattande tilnærming, som skaper et heilskapleg inntrykk som framstår som eit tydeleg eksempel for andre europeiske land som står overfor liknande utfordringar i arbeidet med å bevare si maritime kulturarv, kommenterer Awards’ juryen.

Resten av årets vinnare pris finn du her:

www.europeanheritageawards.eu/winner_year/2023

Om Europa Nostra Awards:

https://www.europeanheritageawards.eu/