Restaurering av vindauge
tys07mar(mar 7)18:00tys28(mar 28)21:00Restaurering av vindaugeFå skikk på vindauga dine
Om arr.
Kurs i restaurering av vindauge Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i restaurering av vindauge, tysdagar i mars 2023. Ein vel sjølv om ein vil restaurera vindauge med blysprosser eller tresprosser. Ta gjerne med
Om arr.
Kurs i restaurering av vindauge
Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i restaurering av vindauge, tysdagar i mars 2023.
Ein vel sjølv om ein vil restaurera vindauge med blysprosser eller tresprosser. Ta gjerne med eigne vindauge om du har, elles har museet vindauge ein kan jobba med. Ta gjerne også med tommestokk, blyant, kniv, hoggjern og fintanna sag om du har det. Me har glas, kitt, linoljemåling og virke til spunsing.
Kurslærar er Gunnar Kjerland. Han er tidlegare handverkar på Hardanger folkemuseum, og har lang og spesialisert erfaring med restaurering av vindauge.
Tidspunkt, stad og påmelding
Kurset går kvar tysdag i mars, frå kl 18 – 21. Oppstart tysdag 7. mars kl 18.
PÃ¥melding til post@hvm.museum.no / tlf 474 79 884 innan 15. februar
Kurset vert i skulekjellaren i museumstunet, i den gamle skulestovo frå Djønne.
Pris
1600,- for heile kurset
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter forbruk.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Anne Lise Brask Eriksen, tlf 99 29 65 08, anne.lise.brask.eriksen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
7. mars 2023 18:00 - 28. mars 2023 21:00(GMT+00:00)