Bakstedagar i musea
I sommar har fleire av musea våre faste bakstedagar. Då kan du sjå, læra – eller kjøpa med deg – nysteikte krotakaker.
Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Dei liknar flatbrød, men er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Det karakteristiske rutemønsteret kjem frå ein spesiell kjevle, og kakene blir steikt over open eld. Krotakaker kan nytast tørre – som flatbrød – eller bløytast og serverast med smør, sukker, prim eller saltmat.
NÃ¥r er det bakstedagar?
Hardanger folkemuseum:
I eldhuset i museumstunet kan du sjå dei røynde bakstekonene i aksjon kvar tysdag frå  frå 1. juli til 5. august mellom kl 11.30 – 14.30
På grunn av stor etterspurnad etter denne eksklusive vara har me avgrensa salet til maks 5 kaker per person ved kjøp i tunet, og maks 10 kaker pr pers ved førehandstinging. Tinging av krotakaker må gjerast innan sundagen før, på tlf: 47 47 98 84 eller e-post: post@hvm.museum.no
Agatunet:
Kvar fredag frå og med 20. juni til og med 15. august bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjeller i Haldorsstova. Dei startar omlag klokka 11 og bakar og sel til klokka 15 eller til det er tomt!
Voss folkemuseum:
Kvar fredag i juli stiller Voss bygdekvinnelag opp med baking på Mølstertunet. Dei startar bakinga i 11-tida og held på til det er utseld eller til rundt kl. 15.